» Skip to content

Om THING-prosjektet

Før vi fekk parlament og høgsterettar, fanst det ting. I prosjektet vårt deler og utvekslar vi kunnskap om korleis vi kan bevare og utvikle desse stadene, der vi finn røtene til demokratiet i Nord-Europa.

Project Partners at Gulatinget, Norway © Frank Bradford Project Partners at Gulatinget, Norway © Frank BradfordZoom THING-prosjektet er eit treårig, grenseoverskridande prosjekt som er finansiert av Northern Periphery Programme og omfattar partnarar frå Noreg, Island, Færøyane, Shetland, Orknøyane, dei skotske høglanda og Isle of Man. Målet med Northern Periphery Programme er å hjelpe avsidesliggjande lokalsamfunn i Nord-Europa med å utvikle sitt økonomiske, sosiale og miljømessige potensial. Prosjektet har etablert eit nettverk for å utforske og marknadsføre den felles arven frå dei nordeuropeiske tingstadene og utvikle eit bærekraftig nærings- og reiseliv i alle partnarregionane.

Vi har utarbeidd ein felles strategi for å forklare og marknadsføre tingstader i nettverket. Sjølv om kvar stad er unik, står dei overfor mange av dei same spørsmåla og utfordringane, og vi kan auke forståinga vår ved å utveksle kunnskap og strategiar om forvalting av stadene. Partnarane har samarbeidd og utveksla kompetanse for å utarbeide undervisnings- og informasjonsmateriell samt tilhøyrande aktivitetar. Vi har utarbeidd og er i ferd med å teste metodar for å auke medvitet og formidle informasjon ved hjelp av nyskapande, nettbasert teknologi og sosiale medium.

Eit av dei viktigaste resultata av prosjektet er denne nettportalen, som vil fungere som eit utgangspunkt for alle som ønskjer informasjon om tingstadene og partnarregionane. Vi undersøkjer òg mogelegheita for å få tingstadene inn på UNESCOs verdsarvliste, med utgangspunkt i at Þingvellir på Island allereie har denne statusen.

For å nå desse måla har vi

  • 1.   arrangert fleire internasjonale seminar, forelesingar og feltbesøk for å styrkje nettverket og auke medvitet om tingstadene
  • 2.   undersøkt bruk av nettbaserte system for prosjektleiing og sosiale nettverk for å forenkle samarbeidet mellom partnarar og interesserte partar og for å auke medvitet om tingstadene
  • 3.   utarbeidd felles strategiar for forklaring og formidling av informasjon om stadene
  • 4.   utvikla ei offentleg nettside som skal fungere som eit utgangspunkt for brukarar som ønskjer informasjon om stadene, og som skal fremje eit bærekraftig reiseliv

Du finn meir informasjon om THING-prosjektet på www.thingproject.eu.

SISTE NYTT

RSS

The THING Sites GeoTour

The THING Project has teamed up with the folk over at geocaching.com to create an official Thing Sites GeoTour.

PROSJEKTFINANSIERING