Highland Council, Dingwall (Skottland)
Highland Council forvaltar det største fylket i både Skottland og United Kingdom.
Det samla landarealet, inkludert alle øyar ved fjære, er 26 484 kvadratkilometer. Dette utgjer 33 % av Skottland og 11,4 % av Storbritannia. Området er 10 gonger større enn Luxembourg, 20 % større enn Wales og nesten like stort som Belgia.
Dingwall and Seaforth er ein av 22 kommunar innanfor området til Highland Council og har 4 medlemmar i fylkesstyret. Kommunen har 12 155 innbyggjarar, og dei største tettstadene er Dingwall, Conon Bridge, Maryburgh og Muir of Ord.