» Skip to content

Gulatinget, Noreg

Gulatinget er ei av dei eldste og største tingsamlingane i Noreg, truleg skipa i Gulen av kong Harald Hårfagre (konge ca. 872–932). Bønder kom hit for å møte kongen, drøfte politiske spørsmål, vedta lover og dømme i saker.

Det var opphavleg eit allting, ei forsamling der "alle frie, våpenføre menn" hadde rett til å møte. Seinare, etter kvart som lovområdet blei utvida med fleire fylke, blei det omdanna til eit lagting. Kvart fylke peikte ut sine representantar til tinget, og denne modellen er framleis i bruk.

Den eldste tingstaden låg truleg i Eivindvik, nær den einaste stadfesta mellomalderkyrkja i Gulen. To steinkrossar frå den same perioden, tidleg i kristningstida, markerer truleg kor tingstaden låg. Eivindvik har også ei skjerma vik og ligg nær ei mykje brukt skipslei langs kysten.

I Håkon Håkonssons saga står det at han flytte tinget til Guløy, like utanfor garden Flolid, der Tusenårsstaden no ligg. Seinare, rundt 1300, blei tinget igjen flytt, denne gong til Bergen, der Gulating lagmannsrett framleis held til.

The Rantzau book – Gulating law codeGulatingslova er den eldste kjende lovsamlinga i dei nordiske landa. Eit originalmanuskript, kjent som Rantzau-boka, er oppbevart ved Det Kongelige Bibliotek i København.

I 930 brukte Ulvljot Gulatingslova som modell for å skipe alltinget på Island. Seinare, i 1274, sette Magnus Lagabøte saman lover frå dei fire ulike lagtinga – Gulatinget, Frostatinget, Eidsivatinget og Borgartinget – til éi lov, Landslova. Element frå denne lova, og dermed frå Gulatingslova, finst framleis i Noregs grunnlov.

Gulatingslova

Gulatingslova består av 320 paragrafar, fordelt på 14 kapittel, og nokre få, unummererte tillegg. Her finst det lover om religion (kristendom), kontraktar (sal og leige av land), eigarskap (eigedom), odel, ekteskapsrett, arverett og strafferett. Ein særleg viktig lov handlar om kystforsvar (leidang).

Lovsamlinga er erfaringsbasert og lagt opp slik at ein først beskriv eit konkret tilfelle, og deretter seier kva regel som bør gjelde i eit slikt tilfelle. Mange stader er det ikkje klart om ei lov er meint å skulle vere spesifikk, eller om ho blir brukt for å illustrere ein meir generell regel. I ei lov om retten til stranda kvalar står det for eksempel at kongen har rett til halvparten av alle kvalar som driv på land. Dette kan vere knytt til ein bestemt situasjon, men kan også gjelde generelle rettar til havet og kysten.

Lovsamlinga består av lover og sedvanereglar som er etablerte over lang tid. Det er spor etter ulike juridiske tradisjonar innanfor Gulatingslova, mellom mosaisk lov (dei ti bod).

Engelsk rett hadde stor påverknad på lovsamlinga gjennom Håkon den gode, som vaks opp i England med kong Adalstein som fosterfar, og som seinare vende tilbake til Noreg og gjennomførte fleire reformer ved tinget. Påverknaden frå England ser ein òg på dei vakkert dekorerte sidene i Rantzau-boka. På nokre av bokstavane er det brukt grønt blekk, ein farge som vanlegvis blei brukt av engelske skrivarar – i staden for blått og raudt, som var vanleg i dokument frå Noreg og Skandinavia på denne tida. Gulatingslova hadde igjen stor påverknad på skipinga av det islandske Alltinget ved Þingvellir.

Lokale ting i Sogn og Fjordane

Gulatingslova nemner to nivå av ting under Gulatinget: fylkesting og fjordungsting (det var fire fjordungsting under kvart fylkesting). Desse tinga var opne for alle frie menn, men vi har ingen historiske dokument som beskriv korleis dei fungerte. Lokale ting hadde ulike funksjonar og namn, for eksempel våpenting, manntalsting, kongeting og skipreideting. Det ser ut til å ha vore regelmessige vårting, men ein kunne òg kalle inn til ting når nokon hadde grunn til det, og med fem netters varsel. Det har også vore halde haustting.

Det er sannsynleg at dei lokale tinga møttest på ein fast plass, skjønt i enkelte tilfelle møttest dei for eksempel på åstaden for eit drap eller på staden som ein leigeavtale gjaldt. Ein veit framleis ikkje kor mange av desse tingstadene var. Det er minst 40 stadnamn i Sogn og Fjordane som inneheld ordet ting, og desse kan ha oppstått over lang tid. Namnet Tinghaug er nokså vanleg, og det tyder på ein utandørs tingstad. Frå 1500–1600 blei tinga haldne innandørs, og frå denne perioden har vi mange Tingstove-namn.

Reed i Breim i Nordfjord er eit eksempel på ein lokal tingstad med lange tradisjonar. Der finst det ein naturleg haug som er kjend som Tinghaug, og fram til 1800 hadde staden òg ei tingstove. Naustet i nærleiken var òg kjend som Tiendebua, og her kravde ein inn skatt.

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

Eivindvik
Tusenårsstaden Gulatinget ligg berre 2 km frå Eivindvik sentrum. Herfrå kan du ta ekspressbåten (http://www.fjord1.no) til Bergen. Eller kvifor ikkje bu på det lokale hotellet (http://www.eivindvik-fjordhotell.no) og utforske området? Besøk den historiske kyrkja i Eivindvik, reis på fiske eller padle i Prestesundet. I området rundt finst det mange godt vedlikehaldne turstiar på alle nivå.

Gulen dykkesenter
Noregs leiande dykkedestinasjon ligg ved inngangen til Sognefjorden. Senteret arrangerer kurs på alle nivå, og du kan oppleve utruleg variert natur under vatn. Eller du kan vere med på vrakdykk – ingen dykkesenter i Noreg kan tilby fleire (www.gulendykkesenter.no)

FjordKysten: kysten og fjordane
Kysten av Sogn og Fjordane – frå Gulen ved Sognefjord i sør til Bremanger ved Nordfjord i nord – byr på dramatiske kystlandskap, eit rikt plante- og dyreliv samt massevis av historie som berre ventar på å bli oppdaga. Prøv øyhopping, surf på bølgjene på Nordsjøen eller bli med på kystrafting (www.kystrafting.no). Gå på tur i fjella, eller finn deg ei sandstrand der du kan fiske eller berre slappe av. Uansett kva du liker å gjere, har vi garantert noko for deg.

Sognefjord
Noregs lengste og djupaste fjord, Sognefjord, ligg i hjartet av det norske fjordriket og strekk seg 200 km innover i landet til nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. Jotunheimen nasjonalpark er kjend for høge fjell, isbrear og djupe innsjøar, og er perfekt for både fotturar og skiturar. Nesten halve Jostedalsbreen nasjonalpark er dekt av Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet. Området rundt Sognefjorden kan by på unike museum, kunstgalleri, historiske stader og stavkyrkjer – Urnes stavkyrkje i Luster står på UNESCO si verdsarvliste.

Kvernsteinsparken i Hyllestad

Kvernsteinsverksemda i Hyllestad begynte i liten skala rundt år 700 e.Kr. Verksemda vaks til ein industri då ein frakta produkt til store delar av Europa mot slutten av vikingtida. Mange av krossane langs kysten, blant anna krossane i Eivindvik, er laga av kvernstein frå Hyllestad. Langs stigane i parken kan du sjå spor etter den gamle industrien: Du ser tydelege merke der steinane blei hogde ut, og mange stader ligg steinane framleis igjen.

Lokale skuleungar lærer ferdigheiter frå vikingtida og fungerer som omvisarar for besøkjande. Dette inngår i eit program som har som mål å formidle historia bak og kunnskapen om kvernsteinsverksemda gjennom deltaking og oppleving. På slutten av omvisinga kan du sjå dei arbeide og smake på vikingmat som er laga over open eld. (www.kvernstein.no)

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Tusenårsstaden Gulatinget er open heile året.

Det blir arrangert omvisingar både på Tusenårsstaden og i Eivindvik. Du bestiller på telefon 57 78 20 06/10 eller e-post gulatinget@gulen.kommune.no.

Det finst òg båtturar frå Bergen. Du finn meir informasjon på http://www.fjordkysten.no/.

E-post: stiftinga@jensbua.no

Tlf.: 57 73 90 20 / 57782006

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

Gulen kommune,
5966 Eivindvik 
Tel: 00 47 57782006 
Fax: 00 47 57782099
Email: gulatinget@gulen.kommune.no

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gulen (gammalnorsk "Gula") er namnet på kommunen. Ting er vikingane sitt ord for forsamling av folkevalde

Downloads

PROSJEKTFINANSIERING