» Skip to content

Þingvellir/Thingvellir, Island

Þingvellir er den viktigaste kulturarvstaden på Island. Alltinget (nasjonalforsamlinga) blei skipa her i 930 og hadde samlingane sine her i over 850 år fram til 1798.

Alltinget var ei forsamling for heile landet, og det finst gode skriftlege kjelder heilt frå den tidlegaste tida. Tinget varte i rundt to veker kvart år og blei halde utandørs, hovudsakeleg på to stader: Lögberg (lovberget) og Lögrétta (lagretten). Her blei det lese opp lover, kunngjeringar og stemningar. Folk heldt talar, presenterte idear og la fram forslag. Dersom vêret var dårleg, blei tinget halde i kyrkja.

Lögsögumaður (lovseiemannen) heldt til ved Lögberg og hadde ansvaret for prosessen og for å lære lovene utanåt og lese dei opp. Folk kom til tinget frå heile Island og bygde midlertidige hus eller buer med torv- eller steinveggar og med tak av ullstoff. Ein kan framleis sjå spor etter desse ved Þingvellir.

Nøyaktig kor lovberget og lagretten låg, er usikkert. Ifølgje dokument frå 1200-talet låg Lögberg i austkanten av Almannagjá, og Lögrétta truleg på sletta framfor, anten nord eller aust for elva Öxará. Stadnamn som Drukningspølen og Galgeberget ber bod om nokre av dei dystrare sidene ved prosessen.

Þingvellir er både historisk og arkeologisk sett den største og viktigaste tingstaden i Nord-Europa. I tillegg til dei synlege spora kan arkeologiske utgravingar kaste nytt lys over staden og utviklinga – informasjon som ein sannsynlegvis ikkje vil finne andre stader.

I 1930 blei Þingvellir erklært som nasjonalpark, og det blei vedteke ein lov som omtalar Þingvellir som "ein verna nasjonalskatt for alle islendingar, som for alltid skal tilhøyre den islandske nasjonen, og som skal fredast av parlamentet og aldri kunne seljast eller pantsetjast". I 2004 blei staden teken med på UNESCO si verdsarvsliste på grunn av sin kulturelle verdi.

Distriktsting

Delegates ride to the Althing © Frank Bradford Delegates ride to the Althing © Frank BradfordZoom Alltinget ved Þingvellir inngikk i eit nettverk av mindre distriktsting. Dei første distriktstinga ble skipa i Þórsnes (Snæfellsnes, Vest-Island) og Kjalarnes (Sørvest-Island) i 900 e.Kr. Truleg fanst det òg andre på same tid, men dei blir ikkje nemnde i historiske dokument. Rundt 965 var Island inndelt i fire fjerdingar. Kvar fjerding hadde tre distriktsting, bortsett frå den nordlege fjerdingen, som hadde fire. Det var med andre ord 13 distriktsting til saman.

Etter at alltinget blei skipa, blei distriktstinga (vårtinga) meir permanente institusjonar. Dei var inndelte i to forsamlingar – ei for straffesaker og ei for gjeldssaker – og møttest kvart år i mai i opptil ei veke. Midtsommar- og haustting blei vanlegvis haldne då folk var på veg heim frå alltinget i slutten av juli eller i august, og desse varte i éin eller to dagar. Her blei lovene frå alltinget kunngjorde og diskuterte, men det blei ikkje ført rettssaker.

Þingvellir i sagaene

Stories about the Althing feature in many of the Icelandic Sagas, passed down by generations of storytellers © Frank Bradford Stories about the Althing feature in many of the Icelandic Sagas, passed down by generations of storytellers © Frank BradfordZoom             Det var ein dag at folket gjekk til Logberget. Hovdingarne var soleis skipa, at Aasgrim Ellidagrimsson og Gissur Kvite, Gudmund hin rike og Snorre Gode stod uppmed Logberget, men Austflrdingarne nedantil. Mord Valgardson stod frammed Gissur Kvite, maagen sin.

            Mord var ordfør framum alle andre menner. Gissur mælte daa, at han skulde lysa draapssaki, og bad honom mæla so høgt, at det kunde høyrast vel.

            Mord nemnde seg vitne. "Eg nemner vitne paa det, " seier han, "at eg lyser lovmælt yverfalssak paa Flose Tordsson, for di han ljop mot Helge Njaalsson paa den vigvangen der Flose Tordsson gjorde yverfall paa Helge Njaalsson og gav honom holsaar elder heilnesaar elder mergsaar, som til ulivssaar vart, og som Helge fekk bane av. Nemner eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyser denne draapssaki til den fjorungsrett som saki hoyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyser eg i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand."

            Paa Logberget vart det stort staak og rop, at han hadde maalborest vel og manneleg.

– Njåls saga

Alltinget har ein framtredande plass i mange av dei islandske sagaene. Utdraget ovanfor er berre eitt av mange i Njåls saga som beskriv prosessar ved tinget. Både Laksdøla-sagaen og Soga um øyrbyggjerne fortel om då Island konverterte til kristendommen ved alltinget, og i Grettes saga tek drapsmannen med seg Grettes hovud til alltinget for å bevise at han har drepe han men på turen til Thingvellir, vert han overtydd om å gravlegge det for å unngå å provosere sine fiendar ytterligare.

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

Þingvellir nasjonalpark er blant dei best besøkte turistattraksjonane på Island, med fleire tusen besøkjande kvar veke. Han er del av den berømte "gylne sirkelen", ei 300 km lang rundreise som omfattar fleire av dei mest kjende landemerka på Island. I tillegg til tingstaden byr parken på imponerande landskap, ein av verdas beste dykkestader og utmerkte forhold for aurefiske.

Islands mest populære turistområde, Árnessýsla, kan by på ei rekkje naturfenomen og historiske stader. Dette er eit område der det er stor geotermisk aktivitet, og der du òg finn nokre av dei viktigaste historiske stadene på Island.

Det geotermiske området Haukadalur
Her finn du Geysir, som utan tvil er verdas mest kjende geysir. På sitt mest aktive spruta han skåldande heitt geotermisk vatn 60–80 meter opp i lufta. I dag består området av mange varme kjelder. Den mest aktive er Strokkur, som har utbrot med eit par minutts mellomrom.

Gullfoss
Det imponerande fossefallet Gullfoss består eigentleg av to fossar: Den øvste har eit fall på 11 meter, og den nedste eit fall på 21 meter.

Skálholt
Historia til denne gamle garden og bispestolen går heilt tilbake til 1056. I mange hundre år var den lokale skulen, Skálholtsskóli, den leiande utdanningsinstitusjonen på Island. Skálholt har med god grunn ein sentral plass i historia til islandske bøker og manuskript frå mellomalderen, for det var her bøkene og manuskripta vi i dag finn i boksamlingar, blei skrivne og oppbevarte.

Dalen Þjórsárdalur
I tidleg mellomalder var dalen rundt elva Þjórsá frodig og blomstrande med rundt 20 gardar, men i 1104 blei han lagt aude etter eit utbrot frå vulkanen Hekla. Gardane som blei dekte av eit lag med vulkansk oske, har vore ei gullgruve for arkeologar. Minst 40 bygningar er så langt gravne fram, og den best bevarte var våningshuset ved Stöng. I 1974 blei det bygd ein kopi i samband med 1100-årsmarkeringa for busetjinga av Island. (www.thjodveldisbaer.is)

Isbreen Langjökull
Den nest største isbreen på Island er synleg frå Gullfoss og er lett tilgjengeleg for utforsking med superjeep eller snøskuter.

Dykking i Silfra-kløfta
I hjartet av tingstaden Þingvellir finn du eit eldorado for dykkarar. Silfra er ein av dei beste dykkestadene på Island, og mange meiner kløfta er unik i verdssamanheng. Vatnet i Silfra er så klart som vatn kan bli, og du kan drikke det når som helst mens du dykkar. Det er to årsaker til at det er så klart: Vatnet er kaldt (mellom 2 °C og 4 °C året rundt), sidan det er smeltevatn frå ein isbre som ligg cirka 50 km borte. Det bruker dessutan fleire år på ferda gjennom lavaområda før det kjem ut i nordenden av innsjøen Þingvallavatn via underjordiske kanalar. Fleire lokale dykkefirma tilbyr turar til Silfra, og du finn informasjon om dei på Internett.

Reykjavik
Þingvellir ligg berre 45 km frå hovudstaden på Island, Reykjavik. Byen inneheld overraskande mykje å sjå og oppleve, mellom anna eit utval museum og galleri, utruleg mange butikkar og kafear, eit pulserande natteliv, interessant arkitektur og spennande utandørsaktivitetar. (www.visitreykjavik.is)

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Open heile året. Gratis inngang.

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

Thingvellir National Park
801 Selfoss
Island
Tlf.: 00 354 482 2660
Faks: 00 354 482 3635
E-post: thingvellir@thingvellir.is

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þingvöllr: parlamentssletta

PROSJEKTFINANSIERING