» Skip to content

Tingwall, Orknøyane

Gamle tingstader på Orknøyane

Tingstadene på Orknøyane er litt mystiske. Det finst svært lite informasjon om dei, og det vi veit, kjem hovudsakeleg frå sagaer, folketradisjonar og ufullstendige arkiv.

Dingieshowe © Frank Bradford Dingieshowe © Frank Bradford Zoom Orknøyinganes saga inneheld mange referansar til tingsamlingar på Orknøyane. Desse samlingane bestod ofte av samråd mellom dei mektigaste mennene i området eller løysing av tvistar mellom rivaliserande jarlar. Tinga blei vanlegvis haldne om våren og hausten, og sjølv om det ikkje alltid står kor, ser det ut til at dei vanlegvis blei haldne på Mainland (den største øya).

I dag finst det to stadnamn som vitnar om tingstader: Tingwall ligg vest på Mainland, på grensa mellom sokna Rendall og Evie, medan Dingieshowe ligg aust på Mainland, på grensa mellom sokna Deerness og St Andrews.

Ved Tingwall brukte vikingane truleg dei graskledde ruinane av ein broch (eit rundt tårn frå jernalderen) som tingstad. Ein stor, grøn haug med ein trappeforma profil er framleis synleg ved sidan av vegen til ferjekaien. Haugen har ei strategisk plassering med utsikt til Rousay, Wyre og Egilsay, der vikingpiraten Svein Asleifsson budde på 1100-talet. Orknøyinganes saga fortel oss at Sveins onkel, Helgi, budde ved Tingwall, og ein trur at mange av samlingane som blir nemnde i sagaen, kan ha blitt haldne her.

Også ved Dingieshowe er eit forhistorisk monument sentralt. Cirka 300 f.Kr. blei det bygd ein broch (eit rundt tårn) på ein neolittisk stad som hadde vore i bruk rundt 3000 år tidlegare. Langt seinare blei ruinane av tårnet brukt som tingstad. Lokale tradisjonar fortel at ei heks blei brend ved Dingieshowe, og at ein ofte har kunna sett hovudskallen hennar i sanden rundt Dingieshowe.

Andre forhistoriske stader har òg tilknyting til inngåing og oppheving av juridiske kontraktar. Storbritannias største samling av runeinskripsjonar finst inne i det neolittiske gravkammeret i Maeshowe, som står på UNESCO si verdsarvsliste. Vi veit ikkje om Maeshowe blei brukt som tingstad, men det har blitt hevda at vollen rundt haugen ville vore ei perfekt inngjerding. Kyrkja i Stenness, som ligg i nærleiken, har historiske band til mellomalderen: Juridiske kontraktar, som ein inngikk ved å ta kvarandre i handa gjennom Stone of Odin, kunne opphevast ved å gå gjennom kyrkja.

Kirkwall og St. Magnuskatedralen

St Magnus Cathedral © Frank Bradford St Magnus Cathedral © Frank Bradford Zoom Kirkwall blei det administrative sentrumet på Orknøyane på 1100-talet. Orknøyinganes saga fortel at det blei halde fleire samlingar i byen, mellom anna i St. Magnuskatedralen.

Katedralen var viktig som både religiøst og juridisk sentrum. Ifølgje skriftlege kjelder blei han brukt som rettssal og marknadsplass, noko som blir underbygd av mange overraskande innslag inne i bygningen: Her finn vi ein bøddelstige, ein tverrbjelke frå ein galge og til og med eit fengsel. Fengselet blei kalla Marwick's Hole, og det var her ein plasserte lovbrytarar som venta på rettssak og henging.

Katedralen låg nær Market Cross, der brenningar gjekk føre seg. Den opphavlege krossen står no i det nordlege tverrskipet i katedralen, medan det står ein kopi utanfor på Kirk Green.

Stadnamn gir oss òg informasjon om det gamle rettssystemet på Orknøyane. Galgane låg nær katedralen ved Gallows Ha', øvst på Clay Loan. Ifølgje lokale legender heldt forviste tjuvar og hekser til på Thieves Holm, ved inngangen til vika. Området som før blei kalla Parliament Close (no ligg 6 Albert Street der), trur ein var staden der tinget blei halde. Det var òg eit Parliament House i nærleiken.

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Besøk Orknøyane
Orknøyane består av cirka 70 øyar og skjær 10 kilometer utanfor nordaust-spissen av det skotske fastlandet. Øyane består av bølgjande, grøne enger, ei dramatisk kystlinje, fantastisk natur og ei mengd historiske og arkeologiske skattar.

Maeshowe © Frank Bradford Maeshowe © Frank Bradford Zoom Det har vore busetnad på Orknøyane i over 6000 år. I den vestlege delen av Mainland finn vi eit av dei mest innhaldsrike neolittiske områda i Europa. Dette området blir kalla hjartet av dei neolittiske Orknøyane og har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1999, noko som gir området same status som dei egyptiske pyramidane. Midt i området ligg Ring of Brodgar. Denne imponerande steinsirkelen blei reist rundt 2500–2000 f.Kr. Han er omgitt av ein voll og ei ringgrav, og 27 av dei 60 opphavlege steinane står framleis. Dei massive Stones of Stenness, som ligg i nærleiken, er restane etter eit anna ringforma monument. På UNESCOS verdsarvliste står òg verdskjende Skara Brae, ein særs godt bevart forhistorisk busetnad, og Maeshowe, eit av dei mest kjende gravkammera i Europa. Gjennom utgravingane ved Ness of Brodgar lærer vi stadig meir om historia til dette magiske landskapet.

Då vikingane kom til Orknøyane, etterlét dei seg meir enn sagaer. Mange stadnamn har norrønt opphav, og du kan framleis høyre spor av språket deira i dialekten som blir snakka i dag. Spor frå vikingstida, for eksempel skatten som blei funnen ved Skaill i Sandwick, og båtgrava ved Scar, viser oss kor rik og mangfaldig kulturen deira var.

Orknøyane spelte ei viktig rolle under begge verdskrigane. Den britiske Grand Fleet brukte den store naturlege hamna i Scapa Flow som sin nordlege base under første verdskrig. Du finn òg spor etter andre verdskrig, særleg dersom du reiser over Churchill Barriers, som bind saman Mainland og dei sørlege øyane. Churchill Barriers blei bygde av italienske krigsfangar som heldt til på øyane Burray og Lambholm. Dei etterlét seg òg Italian Chapel, som er den best besøkte turistattraksjonen på Orknøyane.

The Ring of Brodgar  © Frank Bradford The Ring of Brodgar © Frank Bradford Zoom Kirkwall er hovudstaden og administrasjonssenteret på Orknøyane. I sentrum finst det eit rikt tilbod av opplevingar, shopping, servering og overnatting. Orkney Museum i Tankerness House, eit fantastisk hus som har vore heimen til ein godseigarfamilie, inneheld utstillingar som fortel Orknøyane sin 5500 år lange historie frå neolittisk tid til våre dagar. Tvers overfor St. Magnuskatedralen ligg Bishop's Palace og Earl's Palace, to av dei flottaste eksempla på arkitektur i Skottland. Og kvifor ikkje besøkje Highland Park, Storbritannias nordlegaste destilleri, eller ta ein tur innom Orkney Wireless Museum, som fortel historia om tidleg innanriks radioverksemd og kommunikasjon i krigstid på Orknøyane?

Den idylliske byen Stromness er den nest største byen på Orknøyane. Det prisløna Pier Arts Centre ligg i sentrum av byen og fortel Orknøyanes maritime historie på ein utmerkt måte.

Reise hit
Orknøyane er lett tilgjengelege med fly (www.flybe.com) og bilferje frå enten Aberdeen, Scrabster (www.northlinkferries.co.uk) eller Gill's Bay (www.pentlandferries.co.uk), eller med passasjerferje frå John O'Groats (www.jogferry.co.uk)

Informasjon om lokale ferjer finn du på www.orkneyferries.co.uk.

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

St Magnus Cathedral
Custodian
Broad Street
Kirkwall
Orkney
KW15 1NX
Tlf.: 00 44 1856 874894

Informasjon for besøkjande
E-post: info@visitorkney.com

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þingvöllr: parlamentssletta

PROSJEKTFINANSIERING