» Skip to content

Tynwald Hill, Isle of Man

Tynwald Hill ved St John's er den eldgamle samlingsstaden for det manske parlamentet, som har halde til der i alle fall sidan slutten av det første tusenåret e.Kr.

Sjølve haugen er ein kunstig haug, med ein trappeforma profil, ein diameter på cirka 25 meter ved foten og ei høgd på 3,6 meter. Den tidlegaste fasen strekk seg tilbake til slutten av forhistorisk tid, då ein ser dei første spora etter samlingar. Seinare blei staden viktigare grunna utviklinga av eit kongesete sentrert like ved i den øvre Neb-dalen, og tidleg i det andre tusenåret e.Kr. var Tynwald Hill i bruk som ein nasjonal samlingsstad.

Det er framleis aktivitet på staden, og i 1979 feira han tusen år utan avbrot som samlingsstad for parlamentet. Tynwald Court samlast no i den moderne hovudstaden på øya, Douglas, den tredje tysdagen i kvar månad, men kvart år den 5. juli er det ein utandørs seremoni på Tynwald Hill. Dette er øyas nasjonaldag, og lovene som er vedtekne i løpet av året, blir opplesne på både mansk og engelsk.

Tynwald Hill er dermed eit av dei viktigaste eldgamle monumenta på øya: Staden er ikkje berre eit symbol på den rike kulturen på Isle of Man, men har òg innverknad på dagens og morgondagens liv og kultur.

Tynwald-dagen

Tynwald Day ceremony, 2005 Tynwald Day ceremony, 2005Zoom Tynwald-dagen blir arrangert kvart år den 5. juli framfor fleire tusen tilskodarar. Ein representant for det britiske monarkiet, vanlegvis viseguvernøren, presiderer over seremonien, medan parlamentet, embetsmenn og heidersgjester er samla på, eller nær, Tynwald Hill. Dei viktigaste punkta på programmet er å lese opp nye lover som er vedtekne det føregåande året, og å gi mogelegheit for å leggje fram klagemål. Den moderne seremonien er ei fortsetjing av samlingane ein trur har funne stad her i over 1000 år.

Prosesjon

Den utandørs seremonien begynner med ein prosesjon med æresgarden, militærkorps og faneberarar samt representantar frå lokale skular og andre organisasjonar. Når viseguvernøren kjem, blir det markert med ein flyparade ved det britiske flyvåpenet. Deretter inspiserer han dei militære og legg ned ein krans ved krigsminnesmerket, før det er eitt minutts stille. Til slutt deltek han saman med medlemmane av Tynwald, andre dignitærar og inviterte gjester på ei gudsteneste i det kongelege kapellet.

Opplesing av lover

King George VI and Elizabeth on Tynwald Hill, 1945 King George VI and Elizabeth on Tynwald Hill, 1945Zoom Etter gudstenesta går medlemmane av Tynwald og deltakarane langs prosesjonsruta til Tynwald Hill, der dei plasserer seg etter rang: Viseguvernøren, hans tenestemenn og det lovgivande rådet (overhuset av Tynwald) sit på det øvste nivået. På andre nivå sit medlemmane av House of Keys (underhuset, den folkevalde delen av Tynwald). Deretter kjem offentlege tenestemenn og representantar for kyrkja. Det fjerde nivået er reservert for prestar i Den anglikanske kyrkja, pluss at det er sett av to plassar til "deemsters" (dommarar).

Viseguvernøren ber første deemster om å leie "inngjerdinga av retten" (kalle forsamlinga til ro) før lovene blir opplesne, først på engelsk (av første deemster) og deretter på mansk (av andre deemster). Viseguvernøren inviterer deretter dei som ønskjer å be om oppreising, til å leggje fram sine klagemål. Denne enkle, men eldgamle tradisjonen gjer det mogeleg å gi oppreising og kan føre direkte til at lover blir vedtekne. Etter seremonien samlar Tynwald seg i kapellet for å underteikne dokument for kunngjering av lover og ta seg av andre saker.

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

> Royal Chapel of St John the Baptist © Frank Bradford Royal Chapel of St John the Baptist © Frank BradfordZoom Royal Chapel og Fairfield
Det er ein gangveg mellom Tynwald Hill og det kongelege kapellet, som er vigd til Johannes døyparen og ligg 115 meter lenger aust. Både haugen og kapellet er omgitt av ein mur. Rundt muren er det ei open slette: Fairfield.

Tynwald Hill, kapellet og Fairfield ligg alle nær den vestlege enden av eit flatt, naturleg grusplatå mellom dei to forgreiningane av elva Neb cirka 3 km søraust for den eldgamle byen Peel. Dette platået er, i tillegg til det som allereie er nemnt, kjent for å innehalde mange arkeologisk stader. Den eldste av desse er eit gravkammer ved namn Follagh y Vannin, som ligg rett vest for sidevegen som går frå St John's via baksida av Tynwald Hill til Glenmooar. Dette gravkammeret stammar frå tidleg bronsealder, cirka 2000 år f.Kr., og har nok opphavleg ligge inne i ein haug av torv, jord og stein.

Tynwald-utstillinga i bygningen ved sidan av kapellet fortel om historia til og seremoniane på Tynwald Hill. Omvising i Legislative Buildings, Tynwald High Court, House of Keys og Council Chambers kan bestillast ved å ringje 00 44 1624 685520 eller sende e-post til library@tynwald.org.im.

Festningar
Den imponerande festningsruinen Peel Castle på St Patrick's Isle blei bygd i fleire omgangar frå 800-talet og fram til 1800-talet.

Castle Rushen i Castletown er ei særs godt bevart festning som dominerer den tidlegare hovudstaden på øya. Festninga blei bygd på 1100-talet og var i bruk fram til 1800-talet.

Tynwald in the 1950s Tynwald in the 1950sZoom Museum og utstillingar
Manx Museum i Douglas tek for seg landskapet, arkeologien, sosialhistoria, naturhistoria og kunsten på Isle of Man. Det inneheld dessutan nasjonalgalleriet og nasjonalarkivet.

House of Manannan i Peel fortel om keltarane og vikingane sine tradisjonar samt maritime tradisjonar på Isle of Man, med sjøguden Manannan som omvisar.

Arkeologi
Isle of Man er arkeologisk særs spennande. Blant mange interessante stader finn vi ein jernalderbusetnad og ein norrøn busetnad ved The Braaid, mellom Douglas og Foxdale, og ei festning frå jernalderen med kapell, gravstader og vikingskipgrav ved Balladoole, mellom Castletown og Port St Mary.

Parkar og hagar
Ta ein spasertur gjennom Tynwald National Park and Arboretum i St John's, som blei grunnlagt for å feire tusenårsdagen til Tynwald, og som ligg aust og nord for Tynwald Hill. Like vest for Tynwald Hill ligg hagane ved Cooil y Ree i St John's.

Mat og drikke
Tynwald Hill Inn i St John's er ein tradisjonell pub med matservering og levande musikk. Eller kvifor ikkje prøve Tynwald Hill Tearooms i St John's? Dette er ein restaurant med skjenkeløyve, der dei serverer fersk lokal mat i form av lunsjrettar, heimebakte kaker, scones og puddingar. Tynwald Mills i St John's tilbyr catering og har eit utsal i ei ombygd mølle nord for Tynwald Hill. 

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Besøk Isle of Man

Isle of Man er ei vakker øy med imponerande landskap, urørte strender og ein avslappa livsstil. Ho ligg i Irskesjøen mellom Storbritannia og Irland. Øya har røter tilbake til keltarane og vikingane, men er samtidig framtidsretta, med moderne kommunikasjon og næringsverksemd. Isle of Man tilhøyrer den britiske krona, men blir styrt av sitt eige parlament – Tynwald Court – og er verken medlem av United Kingdom eller EU. Du har kanskje høyrt om "Three Legs of Man" (våpenskjoldet), manxkattar, motorsykkelløpet TT Races eller røykt Manx-sild (kippers), men kom og besøk Tynwald Hill, sjå spor etter vikingane, keltarane og mellomalderen, vandre langs åsane, kysten og strendene, og nyt lokale spesialitetar som sjømat, Loaghtan-lam, ost og øl.

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

Isle of Man Tourism Division
Department of Economic Development
1st Floor St George's Court
Upper Church Street
Douglas
Isle of Man
IM1 1EX

Tlf.: 00 44 1624 686766
E-post: tourism@gov.im

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þingvöllr: parlamentssletta

PROSJEKTFINANSIERING