Gulen kommune og Gulatinget (Noreg)
Gulen kommune er den politiske og administrative eininga som leverer offentlege tenester til innbyggjarane i Gulen.
Gulen ligg ved inngangen til Sognefjorden – verdas lengste og djupaste fjord. Dei 2300 innbyggjarane i denne 596 kvadratkilometer store kommunen bur i eit kystlandskap beståande av 1500 øyar på vestkysten av Noreg.
I Gulen finn vi òg Gulatinget, den eldste og største regionale tingstaden i Noreg i mellomalderen. I 2005 blei Tusenårsstaden Gulatinget opna i Flolid til minne om arven frå tingstaden.