» Skip to content

Dingwall, Skottland

Ein trur at tingstaden ved Dingwall låg der vi no finn parkeringsplassen ved Cromartie Memorial.

Vi veit likevel svært lite om samlingane som har vore her, og det er berre stadnamnet som ber bod om at tingstaden har eksistert. Forskarar antok at byen hadde blitt bygd oppå tingstaden, og at ein berre kunne finne han gjennom framtidige arkeologiske utgravingar. Sagaene nemner ikkje eit ting ved Dingwall eller andre stader i den nordlege delen av de skotske fastlandet. Mysteriet blir understreka av det faktum at det er lite historisk eller arkeologisk bevis for norrøne busetnader eller vikingbusetnader i området, trass i at det finst mange norrøne stadnamn i området.

Ifølgje lokal tradisjon blei tinget halde i den austlege skråninga på Gallows Hill, cirka 600 meter vest for mellomalderbyen. Men nyare historisk forsking har vist at den faktiske staden er haugen der vi no finn Cromartie Memorial. Staden har mange av dei typiske kjenneteikna ved tingstader. Deltakarane på tinget samla seg truleg på sletta ved sidan av haugen (der det no er ein bensinstasjon). Staden har samband til Kirk, som ligg i nærleiken, og Gallows Hill kan ha vore ein avrettingsstad frå den norrøne perioden og framover.

Rundt 1710 reiste sir George Mackenzie, den første jarlen av Cromartie, ein stor obelisk på toppen av tinghaugen. Då han døydde i 1714, blei han gravlagt ved sidan av obelisken, noko som gjer at haugen har overlevd fram til i dag. Innan 1917 hadde monumentet blitt så farleg skeivt at det måtte rivast, og i 1923 blei det erstatta av den mindre strukturen vi ser i dag. I 1947 blei en stor del av haugen jamna med jorda i samband med bygging av ein parkeringsplass. Det er no berre den sentrale delen med grava til jarlen som er igjen.

På leit etter tingstaden ved Dingwall

Ground penetrating radar survey revealed evidence of a possible ditch running around the mound © Dr Oliver O’GradyI mange år har tingstaden ved Dingwall vore eit mysterium for historikarar og arkeologar. Men nyleg klarte medlemmar av Dingwall History Society å finne ut kor staden låg. Svaret fanst i tre dokument som saman gav svaret på kor den forsvunne tingstaden ved Dingwall hadde vore. Det første, eit dokument frå 1503, beskriv korleis James, hertugen av Ross, gav frå seg alle sine eigedommar i Ross bortsett frå tinghaugen ved Dingwall. Ved at han framleis var eigar av tinghaugen, kunne han behalde tittelen som hertug av Ross, noko som viser kor viktig staden framleis var. Ifølgje dette dokumentet låg tinghaugen rett ved sidan av byen, og ikkje eit stykke unna, slik ein kunne forvente. Det andre sporet finn vi i jarlen av Cromarties skøyte frå 1672 på ein eigedom i Dingwall ved namn Hillyard. Tinghaugar blei ofte omtala som berre hill, og dokumentet stadfestar denne samanhengen ved å beskrive eigedommen som "den tause haugen Dinguall". Det siste sporet finn vi i eit eigedomsregister frå 1700-talet, der det står at Hillyard, eller Yardhill, "no er gravstaden til Cromartie-familien", i dag betre kjend som parkeringsplassen ved Cromartie Memorial.

Desse funna har gjort det mogeleg å setje i gang med arkeologiske utgravingar ved Dingwall. I 2011 blei det gjort ei radarundersøking av bakken under parkeringsplassen. Resultata begynner å kaste lys over staden si fascinerande fortid. Dei viser kor stor haugen opphavleg var, og at det truleg har vore ei stor grøft rundt tingstaden frå den gamle kystlinja samt ein mogeleg inngang frå sørvest. PåDr Oliver O’Grady and members of the Dingwall History Society survey the Cromartie Car Park © Dingwall History Society same måte som ved Tynwald Hill på Isle of Man er det mogeleg at tingstaden ved Dingwall hadde nær tilknyting til den nærliggjande kyrkja. På den nordvestlege sida, som vender mot kyrkja, ser vi det som kan ha vore ei bru eller ein gangveg over grøfta, og det er òg spor etter noko som kan ha vore ein veg mellom dei, under Church Street.

Andre viktige funn er mellom anna eit mogeleg forhistorisk monument under haugen og til og med bevis for at det i viktoriatida blei gjort utgravingar for å finne gravstaden til George, jarlen av Cromartie. Desse resultata er berre dei første spennande glimta inn i historia til tingstaden ved Dingwall. Ytterlegare undersøkingar og utgravingar vil gi oss meir informasjon, og det er planar om å opne eit informasjonssenter på staden for å fortelje heile historia.

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

Dingwall High Street featuring Dingwall Town House and the historic tollbooth towerDingwall
Dingwall er ein marknadsby med ein lang og rik historie frå før området blei ein norrøn busetnad. Dingwall ligg inst i Cromarty Firth og blei festningsby i 1226. Byen og området rundt er historisk svært interessant. Dingwall har vore administrasjonssentrum i Ross-shire og eit handels-, retts- og administrasjonssentrum sidan norrøn tid, og byen er framleis arena for aktivitetar i området. Dingwall har utmerkte transporttilbod og er lett tilgjengeleg med bil, jernbane, buss eller sykkel – og byen er vel verd eit besøk.

Her finn du eit rikt utval av kultur- og fritidstilbod. Dingwall er eit utmerkt utgangspunkt for å utforske mange interessante og varierte lokale attraksjonar – frå bymuseet (som ligg i det gamle Town House) med kunnskapsrike tilsette til eit stort utval særeigne kafear og butikkar samt lett tilgang til eit fantastisk terreng for turar til fots eller med terrengsykkel.

Colourful planters brighten up Dingwall High StreetDrovers Exhibition (Dingwall & Highland Marts)
Drovers Exhibition i regi av Highland Livestock Heritage Society fortel den viktige historia til kveghandelen på dei skotske høglanda. Den omfattande utstillinga blei opna av prinsesse Anne i juli 2008. Utstillinga består av eit arkiv over kveghandlarar som er tilgjengeleg både elektronisk og på papir, samt veggutstillingar som beskriv tida då kveghandlarane dreiv kveg og sauer over lange avstandar på høglanda for å komme til marknaden.

Strathpeffer

Denne unike viktorianske spastaden ligg cirka åtte kilometer frå Dingwall og kan by på både urørt arkitektur og Highland Museum of Childhood, som ligg på perrongen til den gamle jernbanestasjonen. Blant interessante mål for fotturar har vi den piktiske ørnesteinen og steinlabyrinten Touchstone Maze.

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Reise hit
Dingwall er lett tilgjengeleg med bil, jernbane eller fly. Frå jernbanestasjonen i byen er det regelmessige avgangar til Inverness. Herfrå kan du ta toget til resten av Skottland og til London. Frå flyplassen i Inverness kan du fly til mange ulike destinasjonar, og det er regelmessige bussavgangar frå flyplassen til sentrum av byen. Det er òg regelmessige bussavgangar frå busstasjonen i Inverness til Dingwall.

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þingvöllr: parlamentssletta

PROSJEKTFINANSIERING