» Skip to content

Tinganes, Færøyane

Det færøyske parlamentet har halde til på det steinete neset Tinganes i Tórshavn i over tusen år.

Opphavleg var tinget ved Tinganes ei offentleg forsamling – eit allting – der alle frie menn på Færøyane kunne samlast for å diskutere og avgjere saker av allmenn interesse. Seinare blei det eit løgting (lagting) under leiing av løgmaður (lovmannen) og med representantar frå alle lokale regionar som deltakarar.

Tinget blei halde éin gong i året, om sommaren, vanlegvis i samband med Ólavsøka (Olsok) 29. juli. Først blei tinget halde utandørs på neset, men seinare blei det flytt inn i ein av dei små bygningane på Tinganes.

Frå 1274 følgde lagtinget norske lover som var utarbeidde av Magnus Lagabøte, i tillegg til at dei forvalta færøyske spesiallover, for eksempel lovene i Seyðabrævið (fårebrevet) frå 1298.

Mot slutten av 1600-talet begynte løgtinget å få mindre å seie, medan kongens representantar fekk stadig meir makt. Innan 1816 blei det lagt heilt ned. Færøyane blei ein del av Danmark, styrt av ein amtmann og hans embetsmenn. Men i 1852 blei løgtinget opna på nytt, og sidan den gong har det vore i vekst.

I dag har statsministaren sitt kontor i ein av bygningane på Tinganes. I dette området finn ein nokre av dei eldste husa i byen. Enkelte er frå 1300-talet, medan andre er frå 1600- og 1700-talet, og dei er framleis i bruk. Det finst òg synlege helleristningar i strandkanten. Det blir hevda at enkelte av helleristningane har samanheng med aktivitetar ved tinget.

Distriktstingstader

I tillegg til hovudtinget, som blei halde i Tórshavn om sommaren, var Færøyane inndelte i seks tingdistrikt: Suðuroy, Sandoy, Vágoy, Streymoy, Eysturoy og Norðuroyar. Samlingane her blei haldne om våren, men skriftlege kjelder nemner òg eit haustting. Samlingsstadene hadde ofte ting eller dóm (dom) i namnet, som i Tinghellan og Dómheyggjar.

Distriktstinga var lågare domstolar, og saker kunne bli oversende til alltinget eller løgtinget. Men dette blei ikkje alltid gjort, og mange dommar – til og med fysisk avstraffing og dødsdommar – blei avsagde og fullbyrda ved eit distriktsting. Dei fleste distriktstingstader inneheld derfor avrettingsstader.

I enkelte bygder blei distriktstinga haldne innandørs, men munnlege kjelder fortel òg om stader langt ute i audemarka der ein trur det blei halde ting i eldgamle tider. I fire av distrikta finst det opplysningar om eldgamle tingstader som ikkje låg i nærleiken av busetnad, men nær viktige ferdselsårer mellom bygdene. På Suðuroy og Norðoyar ligg desse langt oppe i fjella, medan dei på Sandoy og Eysturoy ligg i låglandet. På same måte som hovudtinget i Tórshavn ligg midt på Færøyane, ligg desse eldgamle tingstadene sentralt i sine tingdistrikt, med best mogeleg transportvegar til bygdene i distriktet. Då tingstadene blei flytte dit folk budde, var det vanlegvis til nærmaste bygd.

Namn med referanse til galgar finst i fem av distrikta, og i alle desse tilfella ligg namna nærmare dei historiske enn dei eldgamle tingstadene. Galgane låg vanlegvis høgt i terrenget, slik at dei var godt synlege. Det var avgjerande at så mange som mogeleg kunne sjå med eigne auge kva som skjedde med dei som gjorde seg skuldige i alvorlege brotsverk.

Ørðavík on Suðuroy © Arne Thorsteinsson Ørðavík on Suðuroy © Arne ThorsteinssonZoom Suðuroy
Tinget blei halde i bygda Ørðavík midt på øya, medan den eldgamle tingstaden låg i fjella over bygda. Det blir sagt at deltakarane ved tinget sette opp telta sine litt sør for bygda, ved Tjaldavík.

Sandoy
Dette tingdistriktet omfatta øyane Sandoy, Skúvoy og Dímun. Tinget blei halde på garden Í Trøðum i bygda Heima á Sandi, der vi framleis finn ein stein med namnet Tingborði (tingbordet). Den eldgamle tingstaden skal ha ligge lenger aust, ved Millum Vatna, området mellom dei to små sjøane.

Vágoy
Den historiske tingstaden låg ved Rygsgarður i bygda Miðvágur. Ved Giljanes, på grensa mellom bygdene Miðvág og Sandavág, ber ein kampestein ved namn Gálgasteinur bod om at det her har vore ein galge.

Tingborði (the Thing Table) on the farm í Trøðum in Sandoy © Frank Bradford Tingborði (the Thing Table) on the farm í Trøðum in Sandoy © Frank BradfordZoom Streymoy

Dette er truleg det mest folkerike tingdistriktet i landet, og det omfatta øyane Streymoy, Nólsoy, Hestur og Koltur. Tingstaden låg i bygda Kollafjørður, der eit av husa heiter Í Tinggarðinum (på tinggarden). Eit lite stykke frå der folk budde, låg det ein galge, og det blir òg fortalt om ein stad der dei dømde kunne redde seg dersom dei kom fram til han.

Eysturoy
Tinget på Eysturoy blei halde i bygda Selatrað. Tradisjonen vil ha det til at tinget blei halde ved den store steinen Tingsteinur, men det blei truleg halde innandørs. I strandkanten finn vi staden Á Gálga. Det finst historiske bevis for at ein tjuv blei hengd i Selatrað i 1626. Den eldgamle tingstaden låg truleg eit godt stykke borte, på ein stad ved namn Stevnuváli.

Norðuroyar
Tinget i bygda Í Vági, som seinare blei til byen Klaksvík, omfatta øyane Borðoy, Kalsoy og Kunoy i nord samt Viðoy, Svínoy og Fugloy i aust. Den eldgamle tingstaden i fjella nord for Klaksvík ligg så midt i tingdistriktet som mogeleg. Her står det ein stor kampestein ved namn Tingsteinur, og rundt han er det sett opp mindre steinar. 

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

Tórshavn

Nordic House, Tórshavn © Frank Bradford Nordic House, Tórshavn © Frank BradfordZoom Tórshavn er ein livleg by med massevis av hotell, restaurantar, kafear og barar samt eit bibliotek med wi-fi og Internett. Dessutan finn du eit utval museum, idrettsanlegg, parkar, turmogelegheiter og interessante butikkar. I Kunningarstovan, turistinformasjonen i sentrum, får du nyttig informasjon, kart, rutetabellar, brosjyrar og suvenirar (www.visittorshavn.fo). Byen har ei spennande blanding av gamle og moderne bygningar. I den nordlege delen er Nordens Hus eit fantastisk eksempel på moderne arkitektur og ein arena for mange ulike kulturarrangement.

Gamlebyen

Gamlebyen strekk seg frå Tinganes til sentrum av Tórshavn, og her finn du både det færøyske parlamentet og rådhuset. Nyt atmosfæren i gamlebyen ved å vandre gjennom tusen års historie: frå tingstaden der færøyingane hadde sine samlingar frå seint på 800-talet, forbi gamle lager som blei brukte i samband med det kongelege handelsmonopolet, langs tronge, svingete smug med små, svarte, tjærebreidde hus med kvite glaskarmar og torvtak, til Løgtingshúsið (det færøyske parlamentet), som blei bygd 1000 år seinare, i 1856.

Fort Skansin

Den første festninga blei bygd ved Skansin av den lokale helten Magnus Heinason i 1580. I tillegg blei det bygd to andre festningsverk på Tinganes for å verne handelen mot åtak frå sjøen og frå land. Desse to blei ikkje ståande lenge, og festningsverket nær spissen av Tinganes blei i 1740 erstatta av eit lager, som seinare blei gjort om til bustadhus. Sidan 1957 har det, saman med dei tilgrensande bygningane, vore den færøyske regjeringa sin eigedom, og i dag har statsministaren sitt kontor her.

Kirkjubøur

St Magnus Cathedral and modern parish church, Kirkjubøur © Frank Bradford St Magnus Cathedral and modern parish church, Kirkjubøur © Frank BradfordZoom Bygda Kirkjubøur er ein av dei mest populære attraksjonane på Færøyane. I mellomalderen var dette eit religiøst og kulturelt sentrum på øyane. Her låg biskopsgarden fram til reformasjonen rundt midten av 1500-talet, då det færøyske bispedømmet blei lagt ned. Ruinane etter Magnuskatedralen frå 1300-talet, den eldre soknekyrkja Olavskyrkja og røykstova med torvtak, eit av verdas eldste tømmerhus, blir rekna blant dei viktigaste delane av den færøyske arven. Røykstova er eit 700 år gammalt gardshus som står på tomta til bispepalasset, og som husa same familien i 17 generasjonar. Eit lite museum og soknekyrkja er opne kvar dag om sommaren og på førespurnad om vinteren. (Bussturar med omvisar: www.tora.fo.)

Fuglefjella ved Vestmanna

Ein båttur til fuglefjella ved Vestmanna er ei oppleving ein ikkje bør gå glipp av. Om sommaren blir det arrangert turar kvar dag, med vêratterhald.

Mykines

Kvifor ikkje besøkje den avsidesliggjande øya Mykines, eit paradis for fuglekikkarar? Her var det ein gong eit stort og blomstrande lokalsamfunn, men i dag er det berre nokre få fastbuande. Om sommaren vaknar øya til liv med tusenvis av trekkjande sjøfugl og besøkjande turistar. Naturen er fantastisk, og du passerer massevis av lundefuglreir dersom du legg ut på den ikkje altfor krevjande fotturen til fyrtårnet lengst vest på øya. På desse imponerande klippene finn du òg Færøyanes einaste koloni av hekkande suler.

Du kan reise til Mykines med småbåt frå Sørvagur eller med helikopter frå flyplassen. Mykines er den vestlegaste øya på Færøyane, og hyppige vêrforandringar og uroleg sjø kan gjere det vanskeleg å planleggje reiser dit. Øya har òg eit lite gjestehus, kafé og toalett for dei besøkjande.

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Besøk Færøyane
Færøyane byr turistar frå heile verda på dramatiske landskap, urørt natur og eit fantastisk dyreliv. Du kan komme tett innpå lundefuglar, suler og stormsvaler samt hardføre, færøyske sauer og små hestar. Nyt fred, ro og ein avslappa livsstil samt den eigenarta kulturen og historia.

På austsida av Færøyane består kysten av slake skråningar, medan vestsida er kjenneteikna av dramatiske klipper. Landskapet er imponerande: grøne, bølgjande fjellformasjonar med forrivne framspring – enorme lag med basalt som ligg att etter gigantiske vulkanar som fanst her for 60 millionar år sidan. Kvar region har sitt særpreg, frå det nordlegaste punktet ved Enniberg til fyrtårnet på Akraberg i sør.

Ein fottur vil gi deg ei kjensle av dei verkelege Færøyane. Øyane er små, og det høgste fjellet, Slættaratindur, er berre 882 m høgt, men terrenget er veldig ulendt og kan vere krevjande. Eit anna alternativ er å fiske laks og aure i elvar og sjøar, eller du kan dra på havfiske. Dersom du ønskjer ein meir aktiv ferie, kan du prøve deg på surfing eller kajakkpadling.

Kultur og historie
Det færøyske språket har sine røter i gammalnorsk, og øyane har ein sterk tradisjon med folkesongar som blei overleverte munnleg. Ein av dei mest unike kulturtradisjonane er den færøyske kjededansen, der ein dansar i ring til songar om kongar og heltar. Enkelte av desse songane har fleire hundre vers! Kunstinteresserte bør leggje turen innom Færøyenes kunstmuseum, og det finst òg tilbod om temareiser for dei som er interesserte i teikning, måling eller fotografering.

Olsok (29. juli) er Færøyanes nasjonaldag. Den offisielle opninga av parlamentet blir òg markert med seremoniar og andre arrangement i hovudstaden Tórshavn. Det er marknader eller festivalar på nesten alle øyar og i mange bygder, og kapproing om sommaren er særleg populært. På stranda ved Göta arrangerer dei i juli den fantastiske G!- festivalen – ein musikkfestival med både lokale og internasjonalt kjende artistar.

Reise på Færøyane
Du kan ta dagsturar frå Tórshavn til dei fleste reisemål. Det er hyppige buss- og ferjeavgangar i dei sentrale områda, men ikkje så mange i utkantane og på dei mindre øyane. Det er godt veg- og tunnelsamband mellom bygdene, og undersjøiske tunnelar og bruer knyt saman dei største øyane.

Det finst òg ei rimeleg helikopterteneste tre dagar i veka om vinteren og fire dagar i veka om sommaren, men dei fastbuande har forrang, og du kan ikkje bestille returbillett.

Rutetabell for buss, ferje og helikopter: www.ssl.fo. Rutetabell for helikopter: også på www.atlanticairways.fo.

Reise til Færøyane
Ein kan komme seg til Færøyane på mange måtar: M/F Norrøna går frå Hirtshals (Danmark) til Tórshavn (Færøyane) og Seyðisfjørður (Island) kvar veke om vinteren, og oftare om sommaren (www.smyril-line.com).

Atlantic Airways har flygingar både om vinteren og sommaren: Om vinteren har dei to avgangar kvar dag til København og to avgangar i veka til Billund i Danmark og Reykjavik på Island. Om sommaren er tilbodet større med avgangar to gonger i veka til Ålborg i Danmark, Bergen i Noreg og London Stansted i Storbritannia (www.atlanticairways.fo).

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

Kunningarstovan í Tórshavn
Á Vaglinum
Postboks 379 - 110
Tórshavn
Færøyane
Tlf.: 00 298 30 24 25
Faks: 00 298 31 68 31
torsinfo@torshavn.fo

Visit Faroe Islands
Bryggjubakki
P.O. Box 118
FO-110 Tórshavn
Færøyane
info@visitfaroeislands.com

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þinganes: parlamentsneset

PROSJEKTFINANSIERING