» Skip to content

Tingwall, Shetland

Det lokale parlamentet på Shetland heldt til på det vesle neset Tingaholm på nordsida av Tingwall Loch fram til slutten av 1500-talet.

Tingwall Kirk © Davy Cooper Tingwall Kirk © Davy CooperZoom Sjølv om skriftlege kjelder fortel om samlingar ved Tingwall frå 1307 og framover, blir tinget på holmen først nemnt i eit brev frå 1532. Ein trur at embetsmennene sat omkring eit rundt steinbord på holmen, medan utsendingane samla seg i skråninga nedanfor kyrkja. I dårleg vêr blei tingsamlingane truleg haldne inne i kyrkja.

Tingaholm var ein gong ein holme omgitt av vatn på alle kantar og berre tilgjengeleg via ein steinmolo. På 1980-talet blei vasstanden i innsjøen senka, og holmen fekk si noverande form. Innan 1774 hadde steinseta blitt fjerna for å lage beitemark, men vi kan framleis sjå restane etter moloen.

På 1570-talet flytte jarl Robert Stewart tinget til Scalloway, men staden blei brukt éin gong til: i 1577, då over 700 shetlendarar kom for å klage på den lokale futen, Lawrence Bruce, til kongelege embetsmenn frå Edinburgh.

Shetlands lokale ting

Ein rask kikk på shetlandske stadnamn viser at påfallande mange inneheld ordet ting. Det tyder på at det har vore halde lokale tingsamlingar på desse stadene.

This site in Dale, Delting is believed locally to be the site of the Dale thing © Frank Bradford This site in Dale, Delting is believed locally to be the site of the Dale thing © Frank BradfordZoom Dei fleste av namna er knytt til busetnader: Aith i Aithsting, Dale i Delting, Sand i Sandsting og Lunna i Lunnasting. På nokre av desse stadene var det soknekyrkjer, og mektige personar i mellomalderen kan òg ha budd der.

Andre ting-namn finst i gamle dokument, men er ikkje lenger i bruk. Gnípnaþing blir nemnt i dokument frå 1510 and 1682. Namnet betyr tinget ved nipa (gammalnorsk gnípa – ein høg, bratt ås), og ifølgje munnleg tradisjon er det knytt til området rundt busetnaden Neap, nordaust i soknet Nesting. Nesting er òg eit tingnamn, og det tyder tinget ved neset. Vi veit ikkje sikkert kva for nes det viser til, men det kan vere neset der Neap ligg.

Þvætaþing og Rauðarþing blir begge nemnde i eit dokument frå 1321. Þvætaþing kan ha vore på vestsida, i eit område der ein finn mange stadnamn med ordet twatt (gammalnorsk þveit – grasvaksen flekk mellom skog eller berg). Stadnamnekspert Jakob Jakobsen meinte at Rauðarþing viste til området i Northmavine. Dette namnet finst framleis i North Roe, det nordlegaste området i dette distriktet. Det har seinare blitt foreslått at det kan gjelde tinget ved Reafirth (gamle Ræðarfyrðe), det gamle namnet på Mid Yell.

Local folklore tells us that the thing met at this promontory in Neap, Nesting © Frank Bradford Local folklore tells us that the thing met at this promontory in Neap, Nesting © Frank BradfordZoom Ei skriftleg kjelde nemner eit ting som blei halde ved Gardie i Mid Yell ved midtsommar i 1538. Dette viser kor viktige desse lokale tinga var. I dette tilfellet var lovmannen på Shetland til stades saman med lovrettemenn frå Yell og Unst, eit dusin skjønnsmenn og til og med ein representant for kongen.

Det er ikkje berre ting-namna som har tilknyting til domstolane. Namnet herra viser til det som truleg er ei eldre administrativ inndeling. Ein gammal tradisjon som blei dokumentert på Fetlar på 1890-talet, fortel at øya ein gong var inndelt i tre små distrikt. Eit av desse var det som i dag heiter Herra. Kvart distrikt skal ha hatt sitt eige ting. Det finst òg herra ved Yell, Lunnasting og Tingwall.

KVA FINST I NÆRLEIKEN?

Tingwall Kirk
I tillegg til at det shetlandske parlamentet heldt til ved Tingwall, var staden òg sete for erkediakonen på Shetland. Den noverande kyrkja blei bygd i 1788, men ein trur det har vore ei kyrkje her sidan 1100-talet. Gravkjellaren på kyrkjegarden stammar truleg frå denne tidlegare kyrkja.

Murder Stone
Denne oppreiste steinen rett ved sidan av vegen i sørenden av Loch of Tingwall er ifølgje tradisjonen staden der jarl Henry av Orknøyane og hans menn i 1389 drap søskenbarnet hans, Malise Sperra, truleg i ein kamp om makta på Shetland.

Scalloway Castle © Davy Cooper Scalloway Castle © Davy CooperZoom Scalloway
Tettstaden Scalloway ligg berre 3 km frå Tingwall. Her finst det blant anna butikkar, serverings- og overnattingstilbod samt toalett for dei besøkjande.

Scalloway Castle

Scalloway Castle blei bygd med tvangsarbeid i 1599 for jarl Patrick Stewart. Dei siste få åra tinget (som blei flytt frå Tingwall tidleg på 1570-talet) eksisterte, blei det halde i den store salen i slottet. Den siste dokumenterte samlinga fann stad i 1608. Slottet, som ikkje lenger har tak, var i bruk i under 100 år. Det blir no forvalta av Historic Scotland og er ope for publikum.

Scalloway Museum

Scalloway Museum, som ligg ved sidan av, inneheld ei fascinerande utstilling om dei norske heltane frå Shetlandsbussen, som hadde Scalloway som sin hemmelege base under andre verdskrig.

Shetland Museum and Archives © Davy Cooper Shetland Museum and Archives © Davy CooperZoom Lerwick
Lerwick, hovudstaden på Shetland, ligg berre 11 km frå Tingwall. Her finn du butikkar, serverings- og overnattingstilbod, postkontor, minibank, supermarknad og turistinformasjon.

Shetland Museum and Archives

Inngangsporten til Shetlands unike arv og kultur er Shetland Museum and Archives i Lerwick. Her fortel over 3000 gjenstandar samt taleopptak og bilete Shetland si over 6000 år lange historie – frå geologisk opphav til nyare tid.

INFORMASJON FOR BESØKJANDE

Besøk Shetland
Shetland er kåra til eit av verdas beste turistmål av Lonely Planet og byr på utruleg variert natur, imponerande landskap samt ein rik og blomstrande kultur. Med ein over 6000 år lang historie, 138 sandstrender og rundt 19 timar med dagslys i sommarmånadane har Shetland noko for alle.

Geologi
I 2010 blei Shetland tildelt Global Geopark-status på grunn av sin utrulege geologiske arv. Her finn du døme på nesten alle geologiske prosessar vi kjenner til – frå ein eldgammal havbotn til utdøydde vulkanar – noko som gjer Shetland til ein av dei stadene i Europa som har størst geologisk variasjon.

Mousa Broch, part of the Crucible of Iron Age Shetland © Davy Cooper Mousa Broch, part of the Crucible of Iron Age Shetland © Davy CooperZoom Arkeologi
På Shetland finn du monument av internasjonal betyding. Spaser gjennom 4000 år med historie ved Jarlshof, besøk den best bevarte jernalderlandsbyen i Nord-Europa ved Old Scatness, og ta ein tur til Mousa, der du finn verdas best bevarte broch, eit 2000 år gammalt rundt tårn. Shetlands fortid finst overalt – i alle åsar, forhistoriske hus og graver samt langhus frå vikingtida – og ventar på å bli oppdaga.

Natur
Shetland er ein naturelskars draum. Her kan du sjå kvalar og otrar langs kysten, finne sjeldne, arktiske planter eller besøkje dei fantastiske sjøfuglkoloniane og sjå på lundefuglane, ein av over ein million fuglar som besøkjer kysten av Shetland kvart år. Dei verdskjende miniatyrponniane ser du overalt på øyane, på beite langs vegen eller i dei lyngdekte åsane. Sjølv om ein kan tru dei er ville, tilhøyrer dei shetlandske bønder.

Kultur
Shetland har ein rik og mangfaldig kultur. Vi har sterke historiske band til Skandinavia, og den norrøne arven kan framleis høyrast i dialekten og sjåast i stadnamna. Flagget vårt, ein kombinasjon av den skotske andreaskrossen og den skandinaviske krossen, symboliserer våre band til både Skottland og Skandinavia. Øyane er kjende for sin rike musikalske arv og for dei dyktige musikarane som kjem herfrå. Shetland arrangerer fleire musikkfestivalar i løpet av året, blant anna den verdskjende Shetland Folk Festival. Dei finst òg ein årleg film- og bokfestival – og sjølvsagt Up Helly Aa, Shetlands berømte eldfestival. Dei tradisjonelle næringsvegane – landbruk og fiske – er framleis viktige. Sjølv om mange av dei tradisjonelle teknikkane er blitt erstatta av moderne teknologi, er dei framleis i bruk enkelte stader. Eit anna produkt Shetland er kjend for, er strikkeplagg. I dag held Fair Isle Knitwear og Shetland Fine Lace denne fantastiske tradisjonen i hevd.

Reise hit
Shetland er lett tilgjengeleg med fly (www.flybe.com) eller bilferje (www.northlinkferries.co.uk).

Lokale fly, ferjer og bussar: www.zettrans.org.uk

PLASSERING

KONTAKTINFORMASJON

Promote Shetland
Shetland Museum & Archives
Hay's Dock
Lerwick
Shetland
ZE1 0WP

Tlf.: 00 44 1595 989898
E-post: info@shetland.org

OPPHAVET TIL / FORKLARING AV NAMNET

Gammalnorsk Þingvöllr: parlamentssletta

Downloads

PROSJEKTFINANSIERING