» Skip to content

Kva er eit ting?

Ting, frå det gammalnorske ordet þing, er dei gamle forsamlingsstadene som finst fleire stader i Nord-Europa takk vere vår felles norrøne arv. Dei har vorte skildra som ”vikingvogga” for demokratiet, då dei vart oppretta som eit tidleg forsøk på å introdusere eit representativt system der tvistar kunne gjerast opp i eit nøytralt forum og på ein ikkje-valdeleg måte, heller enn via blodhemn.

Systemet vart så viktig og så vellukka at det spreidde seg frå Skandinavia til vikingkoloniar over heile Nord-Europa.  Vi kan kjenne igjen mange av desse stadene på namna deira, som ofte inneheld ordet thing, ting, ding eller fing. Nokre eksempel er Gulating (Noreg), Tingwalla (Sverige), Þingvellir (Island), Tinganes (Færøyane), Tingwall (Shetland og Orknøyane), Dingwall (Skottland), Tynwald (Isle of Man) og Fingay Hill (England).

Når vikingar og norrøne nybyggjarar kom til ein ny stad, tok dei med seg skikkane og rettssystema sine. Ved tinget blei politiske avgjerder tekne, lover handheva og tvistar løyste. Prosessen blei leia av den lokale høvdingen og "lovseiemannen" (dommaren), som hadde som oppgåve å lære seg lova utanåt og lese ho opp. Ved enkelte ting, dei såkalla alltinga, hadde alle frie menn stemmerett. Ved andre, dei såkalla lagtinga, samarbeidde kongemakta og lokalsamfunna om å tolke lova.

Tinget var òg eit sentrum for religiøs aktivitet og handel. Ved Þingvellir på Island kan du framleis sjå spor etter buene, eller hyttene, der kjøpmenn kom for å handle med dei som deltok på samlinga.

Tingstadene blir iblant omtala som demokratiets vogge i Nord-Europa. Dei etablerte eit system for maktdeling og lovgiving som vi kjenner att den dag i dag. Fleire ting er framleis aktive. Det islandske parlamentet er framleis kjent som AlÞingi, det norske parlamentet heiter Stortinget, og det færøyske parlamentet går under namnet Løgtingið. Det manske parlamentet, Tynwald, har framleis midtsommarting på tinghaugen ved Tynwald Hill kvart år.

I vår tidsalder, med aukande internasjonalisering og globalisering, er historia om tinget ei påminning om robuste juridiske system og kor viktig det er å prøve å løyse konfliktar utan å ty til vald.

SISTE NYTT

RSS

The THING Sites GeoTour

The THING Project has teamed up with the folk over at geocaching.com to create an official Thing Sites GeoTour.

PROSJEKTFINANSIERING